Introduksjon til Bildetangen

Eit steinkast frå Sartor Senter, i sundet mellom Kolltveit og Straume, ligg Bildøy. Den nordre delen av øya heiter frå gammalt av Bildetangen. Her skal området utviklast til eit bysentrum og verta ein del av Sotra Kystby. Sjå filmen under for å verta betre kjent med Sotra Kystby og regionen rundt.

Sotra Kystby

Del video på sosiale medier

Tidslinje

Det har skjedd mykje sidan visjonen om å skapa ein by på Bildetangen vart lansert. På tidslinja under kan du sjå kva som er gjort til no og kva planar ein har framover.

Interaktivt kart

Utforsk Bildetangen! På kartet under kan du finna fakta om framtidig utvikling og gammal historie for området.

Visste du til dømes at Bildetangene er ein av plassane i Noreg som vart tidleg busett då isen trekte seg tilbake etter istida? Vi trur at dette er eit godt signal på at folk vil trivast her også i framtida.

Galleri

I galleriet under kan du finna gode bilete av området, samt skisseteikningar som viser korleis Bildetangen kan verta sjåande ut i framtida.

Kva ønsker du deg på Bildetangen?

For å lukkast med å skapa ein by som folk vil trivast i, ønskjer vi dine innspel til vidare planlegging. Enten du ser for deg at du skal bu, arbeida eller berre vitja byen – kva får deg til å oppleva ein by som god å vera i?

Skriv inn koden i bildet nedenfor

Kontakt

Bildetangen vert i dag utvikla av Prosjekt Kystby AS, som er eigd av Liegruppen AS. For meir informasjon om Liegruppen kan du vitja Liegruppen.no eller lika Liegruppen på Facebook. Ønskjer du meir informasjon om Sotra Kystby, kan du vitja nettsida sotrakystby.no eller lika Sotra Kystby på Facebook.

For spørsmål eller andre førespurnader kan du kontakta personane under.

Liegruppen
Jan Arthur Nilssen

Jan Arthur Nilssen

Prosjektleder

Telefon: +47 56 31 68 88
Mobil: +47 95 88 60 87
Epost: jan.arthur@liegruppen.no

Roy-Eddy Lie

Roy-Eddy Lie

Eiendomssjef/Daglig leder Prosjekt Kystby AS

Telefon: +47 56 31 68 68
Mobil: +47 90 08 91 05
Epost: roy.eddy@liegruppen.no